Cocoon (1985)

Film / 7. januar 2010
3/5

I namnet åt kort oppsummering, utanomjordiske vesen er på planeten vår for å hente heim slektningar av seg. En gruppe eldre menn, klare for gamleheimen, døden og det som verre er, oppdagar at bassenget brukt som mellombels lagring for kapslane med skapningane, gjer dei spreke som ungdommar.

Cocoon er en snill film, familievenleg og i det hele en science fiction i retning Close Encounters of the Third Kind. På sitt beste byr den på fin, uskyldig humor, da gamle folk på film tydelegvis kan finne på mykje sprøtt. Det som handlar om dei utanomjordiske venene våre leverer derimot ikkje gode nok varer, da dette er en slapp gjeng som etter byrjinga av filmen aldri byr på særleg spenning.

No kan det hende at eg berre blei skuffa fordi jordkloden aldri blir sprengt i fillebitar, og fordi venskap og forståing er kjedeleg. Og siden eg aldri forventa at det skulle skje, så er eg vel passe nøgd med kva Cocoon har å by på. Karakterane er likande personar og handlinga trår aldri i dei djupaste, sentimentale gropene, så den flotte atmosfæren blir mogleg å svelgje.

Cocoon 1985 plakat - Filmdagbok

Regi

Ron Howard (I)

Manus

Tom Benedek, David Saperstein

Skodespelarar

Don Ameche, Wilford Brimley, Hume Cronyn, Brian Dennehy, Jack Gilford, Steve Guttenberg, Maureen Stapleton, Jessica Tandy, Gwen Verdon, Herta Ware

Sjangrar

Eventyr, Komedie, Romantikk, Science fiction

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Cocoon

Forfattar