Coffee Town

Eg har sansen for enkle komediar som held seg til ein kafe eller butikk som plassering. Dei som skapar ei god stemning og gir meg lyst til å vere stamkunde. Men det er dessverre mange middelmåtige filmar i dette segmentet. Dialogen må vere spikra når historia skal bli fortalt med ord meir enn det visuelle.

High Fidelity er blant favorittane mine. Eit typisk val, men med god grunn. Filmen flettar inn musikkinteresse med ein håplaus romantikar, fargerike karakterar og sjølvsagt platebutikken i midten. John Cusack bær filmen stødig, og har god hjelp frå blant andre ein morosam Jack Black.

Coffee Town føyer seg inn i rekka av favorittane i dette segmentet. Filmen får til både humoren, dialogane og karakterane på elegant vis. Humoren varierer mellom små morosame detaljar, dei overraskande vendingane i ein samtale og dristige ytringar. Dialogane er interessante fordi dei er både tilfeldige og fargerike, men likevel på plass for handlinga som utfoldar seg.

Du bør nok ha litt sansen for det barnslege og på kanten. Dette er trass alt en CollegeHumor-langfilm, den første av vonleg fleire dersom dei blir like gode. Sjølv om humoren er på kanten blir det sjeldan usakleg, ettersom det blir fletta fint inn i samanhengen.

Valet av Glenn Howerton i hovudrolla passar godt. Glenn Howerton er nok mest kjent frå It's Always Sunny In Philadelphia. Han ser normal ut og framstår som normal, men har det glimtet i auge som gjer at han lett kjem unna med det når han hamnar i sprø situasjonar og framleis treng vere truverdig.

Brad Copeland er med manus og regi sjefen bak Coffee Town. Han har skrive og regissert for Arrested Development, og tar med seg mykje av den subtile humoren derifrå inn i Coffee Town. Nok et godt val og eit pluss for Coffee Town.

Coffee Town 2013 plakat - Filmdagbok