Colette

Colette er ein engelskspråkleg film om den franske forfattaren Colette. Om hennar ekteskap, arbeid og utgivingane av hennar første verk under namnet til mannen.

Dette er ein god film som ikkje hastar mot dei store poenga og mot slutten. Han tek seg tid til å fortelje om suksessen til bøkene om Claudine, dei tidlege verka til Colette. Me får ei innføring i det levde livet i Paris på slutten av 1800-talet, og følgjer ukritisk Colette etter kvart som ho blir vaksen og sjølvstendig.

Nokre alvorlege innspel har filmen. Forholdet til mannen er ikkje det sunnaste, men eg tykkjer i det store og heile at filmen fokuserer meir på hennar styrke her enn å dra oss gjennom drit. Filmen blir aldri ein dyster sak som tyngar, men går gangen mellom realisme og det eventyrlege godt.

Colette 2018 plakat - Filmdagbok