Collateral

Serie
2018–2018
3/5

Eg kan vere i overkant generøs når eg rangerer seriar. Nokon seriar har gode toppar, men legg seg elles på eit lågt nivå. Men det er verdt å vise til toppane i blant. Eg har vanskar med å finne dei største positive tinga å sei om Collateral.

Første episode set eg pris på. Eg blei imponert av skodespelet og kvalitetane i produskjonen. Men det kom til kort på andre ting. Likevel heldt eg fram og fekk ein god flyt. Forventingane eg hadde til serien blei ikkje innfridd, men det er ein kort serie med god krim.

I blant var det for mykje styr og serien prøvde å vere lur, utan å lykkast. Men historia er fin og interessant på eit overordna nivå. Det skal ikkje mykje til for å bli betre, men det blir med ei rangering cirka litt over midt på treet.

Collateral 2018-2018 plakat - Filmdagbok