Colombiana (2011)

Film / 15. juli 2015
3/5

Eg har sansen for filmar som ikkje prøver å gjere for mykje, men heller gjer det dei prøver på bra. Gjerne på ikkje altfor lang tid, men det kjem helt an på handling, historie og behandling av desse. Tettpakka action på 90 minuttar, romantiske komediar, romantiske drama, collegekomediar og andre typiske sjangerfilmar og enkle sjangerblandinger står høgt. Den moderne blockbusteren som går for å vere inkluderande er ikkje nødvendigvis etter min smak.

Colombiana ligg nær å vere tettpakka action, men har en litt lengre speletid. Det er en typisk hemnfilm, der hovudpersonen er leigemordar. En av produsentane er Luc Besson, som har lang fartstid innanfor både høgtempo og actionfylt film.

Zoe Saldana spelar ei kvinne som i ung alder opplevde at foreldra blir drepe. Ho svergar å ta hemn, og etter et framhopp i tid er vi snart ved vegs ende for målet hennes, da ting byrjar å ta litt av.

Filmen opnar med en tøff actionsekvens, med skyting, biljakt og greier på gata i Bogota. Deretter går filmen fra action til historiebygging, fram og tilbake, stort sett helt til vegs ende. Det er lite, men nok snakking og forklaring til at følgjande likvidering, herjing og rømming får eit mål og meining. Det meste handlar om at Saldanas karakter er ei tøff og smart, men ikkje perfekt kvinne. Filmen er i grunn et fint stykke arbeid, og mangel på noko nytt betyr ingenting når arbeidet er godt.

Men det er ikkje som om filmen skil seg ut som eksemplarisk. Sånn sett ligg filmen nærare tidtrøyte enn å by på innleving. Få filmar klarer å bryte ned veggen mellom publikum og seg, og Colombiana gjer heller ikkje det.

Colombiana 2011 plakat - Filmdagbok

Regi

Olivier Megaton

Manus

Luc Besson, Robert Mark Kamen

Skodespelarar

Zoe Saldana, Jordi Mollà, Lennie James, Amandla Stenberg, Michael Vartan, Cliff Curtis, Beto Benites, Jesse Borrego, Cynthia Addai-Robinson, Angel Garnica

Sjangrar

Action, Drama, Krim, Thriller

Land

Frankrike

IMDb

IMDb-side om Colombiana

Forfattar