Comedian

Comedian, eller Jerry Seinfeld: Comedians som dokumentarfilmen har blitt namngitt som på Netflix, er ein film om Jerry Seinfeld og Orny Adams. Førstnemnte ein etablert komikar som har lagt tilsides alle dei gamle vitsane sine, og no jobbar for å bygge opp ei framføring med berre nye vitsar. Han andre er ein komikar av nyare tid og er i ferd med å skape seg eit namn.

Det interessante med denne dokumentarfilmen er historia som blir fortalt om Jerry Seinfeld. Han startar på bar bakke, og må jobbe hardt og mykje med å få nok gode vitsar til å kalle det ei fullverdig framsyning.

Delen av Orny Adams er mindre interessant. Mest fordi eg ikkje tykkjer han er morosam. Det er synd at han blir framstilt som ein negativ fyr, og eg har lese at dette var ei uheldig framstilling som fulgte han i mange år. Men han er like fullt ein komikar som har klart seg og har ei etablert karriere i dag.

Hoppar du forbi delene om Orny Adams så har du ein kort og god film her.

Comedian 2002 plakat - Filmdagbok