Comet

I Comet følger me Dell (Justin Long) og Kimberly (Emmy Rossum) over ein periode på seks år. Frå deira første møte, til seinare møter og andre tidspunkt dei er i lag på. Filmen hoppar fram og tilbake heile vegen, i blant med nesten saumlause overgangar, og gir såleis inntrykk av å gå føre seg på same tid.

Er dette ein draum? Går handlina føre seg i eit parallelt univers? Comet har eit smått draumeaktig preg over seg, elegant utført med ein dus raud, rosa og lilla fargebruk over bilde ved fleire høve. Det ser pent ut, men det er ikkje nok.

For når det visuelle har sagt sitt, og hoppinga i tid mest ser ut til å skulle komplisere ei ukomplisert historie, så står Comet igjen som eit drama utan romantikk. Der store ord skal gi oss inntrykk av at dette handlar om så mykje meir, om livet, om samanhengande i livet. Men eigentleg så er det berre ein forvirra fyr og ei nesten like forvirra dame det handlar om.

Det eg likar minst er filmar som ikkje gir meg noko. Sjeldan er filmar perfekte og sjeldnare er eg einig i det som blir sagt og utført i filmar, men ulike sider ved filmar gir meg noko. Humor, spenning, med meir. Comet gir meg derimot lite store deler av filmen, med unntak av at filmen ser pen ut, som i og for seg kan bety litt. Men mest gir han meg lite til ingenting.

Comet 2014 plakat - Filmdagbok