Community (2009–2015)

Serie / 3. juni 2015
4/5

Viss eg skal oppsummere Community med få ord, så er det at serien lei same skjebne som så mange andre ein gong favorittar. Det starta som en svært god og særeigen serie, men gjekk etter kvart over til å bli greit nok.

Skillet mellom dei gode episodane og dei greie gjekk ved fjerde sesong. Omtrent når serieskaparen Dan Harmon trådde av som showrunner. Men før dette leverte serien ei blanding av emosjonelt lada komedie og populærkulturelle referanser, gjerne forkledd. Så kanskje i større grad inspirasjon.

I ettertid av skiftet forsvann gnisten. Det blei meir påtrengande referering, dramaet var utspilt og enkelte vitsar var oppbrukt, men blei framleis brukt. At Chevy Chase forsvann etter kvart, og også Donald Glover, stadfesta på sett og vis at det beste var over.

Men for å hoppe tilbake til det positive. Variasjonen av stilen og dei spennande episodane, med stereotypiske karakterar, gjerne for høgtidelege, for dumme eller med Abeds (Danny Pudi) innsikt i tilveret som tv-karakter. Alt dette var lenge grunnlaget for en svært morosam og underhaldande serie.

Community 2009-2015 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

NBC, Yahoo! Screen

Skapar

Dan Harmon

Skodespelarar

Joel McHale, Gillian Jacobs, Danny Pudi, Alison Brie, Ken Jeong, Yvette Nicole Brown, Jim Rash, Donald Glover, Chevy Chase, Richard Erdman

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Community

Forfattar