Como agua para chocolate

Como agua para chocolate er ein meksikansk film. Han blir skildra som magisk realisme. Definisjonen av magisk realisme har eg ikkje studert, og det er nokon år sidan eg studerte film og beit meg merke i den nøyaktige definisjonen av omgrepet realisme.

Men eg har ei viss peiling etter å ha sett Como agua para chocolate. Det handlar om ei ung meksikansk kvinne som er den yngste av tre søsken, og som mora har gitt ordre om at aldri skal gifte seg, men heller ta vare på henne. Gjennom matlaging og effekten maten har på folk klarar likevel den unge kvinna å endre skjebnen sin.

Det er altså realisme det som handlar om den vanskelege situasjonen til kvinna. Filmen blir aldri framstilt som nokon fantastisk og magisk sak, men eigentleg som eit kva som helst anna drama om harde liv, urettferd og livet i gamle dagar.

Magien er først og fremst i dei små episodane som handlar om maten. Her finn også filmen sin plass å spe på med litt komedie, iallfall tolkar eg utfallet såleis. Dette hindrar Como agua para chocolate frå å bli ein gjennomtrengjande dyster film. Dette og dei romantiske elementa.

Noko stor oppleving er det ikkje, men filmen har det som skal til for å vere ein grunnsolid film. Det er i min sjangerinteresse og den manglande evna til filmen til å stikke djupt med sin emosjonelle appell som held han sånn passe over midt på treet.

Como agua para chocolate 1992 plakat - Filmdagbok

Alternativ tittel

Like Water for Chocolate

Publisert

31. august 2016 av

Regissør

Alfonso Arau

Manusforfattar

Laura Esquivel (I)

Skodespelarar

Marco Leonardi, Lumi Cavazos, Regina Torné, Mario Iván Martínez, Ada Carrasco, Yareli Arizmendi, Claudette Maillé, Pilar Aranda, Farnesio de Bernal, Joaquín GarridoVis alle 76 skodespelarar

Sjangrar

Drama, Romantikk

Land

Mexico

IMDb

IMDb-side om Como agua para chocolate