Complete Savages

Serie
2004–2005
2/5

Opphavleg var Complete Savages ein serie eg starta på i 2004. Men som ein dårleg situasjonskomedie dette var, så blei serien avlyst før dei siste episodane blei sendt.

Nesten ti år etter fekk eg høve til å sjå dei siste episodane, og avslutte mitt kapittel med denne serien.

Complete Savages er ein familiekomedie om ein åleinefar med fem søner i tenåra. I sin verste alder med andre ord, og i full stand til å finne på leven.

På ein lett og avgrensa måte handlar serien om deira liv, og ein onkel som ofte er innom. Lett å sjå, men vanskeleg å like meir enn å tolerere.

Complete Savages 2004-2005 plakat - Filmdagbok