Conan the Barbarian

Arnold Schwarzenegger er Conan i denne overraskande gode filmen. Fantasifilmar frå 1980-talet er vanlegvis ikkje det eg oppsøker, men det er unntak.

Som ofte for filmar han er med i er Arnold Schwarzenegger viktig også for Conan the Barbarian. Fyren hentar inn på karisma og eit klart nærvær i rollen, det han taper på mangel på skodespelartalent. Eg vil ikkje påstå Arnold Schwarzenegger er dårleg, men han har sine svakheiter som kjem fram. At dei er meir komiske enn noko anna ser eg på som positivt.

Det eg likar med Conan the Barbarian er så mangt. Sett i heilskap er det korleis filmen byggjer seg opp og fordeler spenningen og sånt fint utover. At me følger Conan frå start til slutt i filmen, og kjenner til motivasjonen hans undervegs, og at denne alltid er det viktigaste. At filmen med overraskande lite dialog klarar å drive dette så godt framover, får meg til å sette meir pris på oppbygginga.

Det visuelle er også stas. Alt frå landskap til karakterane har sitt særpreg. Arnold Schwarzenegger er eit opplagt eksempel.

Sist, men ikkje minst vil eg trekke fram kor gjennomført filmen er på bruk av cheesy elskovsscener, komiske hårsveisar, dristige kostymer, heldige utfall, fantastisk slåsting og innslag av høg klisjefaktor. Men det heng på greip, eller i det minste passar det i lag.

Det viktigaste er likevel mitt første poeng, at filmen har ein struktur som fungerer. Historia er interessant å følge, fordi ho heile tida er opptatt av det som skjer der og da, og ikkje nødvendigvis opptatt av at slutten skal komme og at filmen skal bli ferdig.

Conan the Barbarian 1982 plakat - Filmdagbok