Conquest of the Planet of the Apes

Eg har skrive lite om førre møte med kvar enkelt Planet of the Apes-film under gjensyna eg har hatt med Planet of the Apes, Beneath the Planet of the Apes og Escape from the Planet of the Apes. Grunnen er at innlegga skal stå på eigne bein ut frå meiningane eg har om filmane i dag. Men med Conquest of the Planet of the Apes hadde eg ei merkbar betre oppleving denne gongen til at eg vil nemna det. Ved førre møte gjekk det berre nedover frå første filmen og utover, men denne gongen tok det seg monaleg opp frå Escape from the Planet of the Ape til Conquest of the Planet of the Apes.

Den positive overraskinga Conquest of the Planet of the Apes var har utspel i fleire faktorar. Nedturen med førre film og dei låge forventningane spelt inn her. Og den splitter nye Rise of the Planet of the Apes låg i bakhovudet og eg var nok ekstra interessert i å finne likskapar mellom desse to opphavsfilmane. Og med evna til å la fantasien overstyre dei mindre realistiske apekostyma, som eg samtidig meiner er godt laga, blir den brutale sida i handlinga til Conquest of the Planet of the Apes meir framståande når eg ser han denne gongen.

Me møter apen Caesar (Roddy McDowall), barnet til Cornelius og Zira frå dei førre filmane. Caesar har blitt vaksen og har arva intelligensen og taleemna frå foreldra, men som trussel mot samfunnet har han blitt halde skjult av sirkusdirektør Armando (Ricardo Montalban) for å vernast.

Me er forresten komme til tidleg 1990-tal, og alle hundar og kattar har blitt utrydda av eit virus. Apekattar erstatta desse som husdyr, og tok etter kvart over lett arbeid som rydding, vasking og servering då dei viste seg intelligente nok til dette over tid.

Conquest of the Planet of the Apes er ein film om Caesar sitt opprør mot undertrykkinga apane opplever og er i prinsippet den gamle filmserien sin Rise of the Planet of the Apes. Utover opprøret er derimot ulike. Rise of the Planet of the Apes står på eigne bein, medan Conquest of the Planet of the Apes blir best med litt bakhistorikk, som me har fått frå Planet of the Apes, Beneath the Planet of the Apes og Escape from the Planet of the Ape.

Conquest of the Planet of the Apes 1972 plakat - Filmdagbok