Contagion

Film / 2011
4/5

Contagion er ein interessant film om spreiinga av eit virus. Det byrjar heilt ved byrjinga og held fram til kuren er på plass. Eg vil kalle filmen eit interessant blikk på noko som er ekte, og som kan skje. Det at folk blir desperate og vil gjere mykje for å overleve. Filmen viser også kva som kan skje med familiane til dei som jobbar med å utvikle kurar. I form at dei her blir angripne og kidnappa. Det er eit negativt syn på det verste som kan skje.

Prestasjonen til Matt Damon er blant det beste med filmen. Som far førsker han å beskytte barnet sitt, og gir ikkje opp. Sjølv om ting er på sitt mørkaste, viser karakteren hans gode menneskelege sider.

Eg vil anbefale filmen til dei som kan setje pris på ein saktare og meir realitisk variant i sjangeren katastrofefilm. Her er det ikkje nokon actionscener, men dialog og vitskapeleg prat, og kjensleladde scener.

Contagion 2011 plakat - Filmdagbok

Publisert

17. desember 2011 av

Regi

Steven Soderbergh

Manus

Scott Z. Burns

Skodespelarar

Gwyneth Paltrow, Tien You Chui, Josie Ho, Daria Strokous, Matt Damon, Griffin Kane, Yoshiaki Kobayashi, Laurence Fishburne, John Hawkes (I), Jude LawVis alle 216 skodespelarar

Sjangrar

Action, Drama, Thriller

Land

De forente arabiske emirater, USA

IMDb

IMDb-side om Contagion