Continuavano a chiamarlo Trinità

Film · 1971 · · 19. juni 2021
3/5

Continuavano a chiamarlo Trinità, også kjent som They Still Call Me Trinity, er ein spagehettiwestern med Terence Hill frå 1971. Det er oppfølgjaren til Lo chiamavano Trinità... frå 1971.

I tillegg til Terence Hill er også Bud Spencer med igjen, som bror til Trinity.

Filmen følgjer i same bane som forgjengaren, men er i blant litt drygare og meir smaklaus i einskilde enkeltepisodar. Utover det er dette omtrent like bra og like underhaldande.

I denne filmen handlar det om at broren skal lære Trinity å bli ein skikkeleg lovbrytar. Lettare sagt enn gjort, då Trinity ser ut til å ha ei snev av samvit.

Det som gjer at denne filmen skil seg ut frå Lo chiamavano Trinità..., og blir si eiga greie, er måten handlinga flyttar meir rundt på. Og at personar og hendingar er sydd saman til eit godt manus der du får gjensyn heile vegen med folk som har dukka opp sidan starten. Det gjer at filmen klarar å skape sitt eige univers på ein framifrå måte. Dette er ein film som handlar mykje om det som skjer undervegs, og ikkje så mykje om eit mål på slutten, så det å få til eit etablert univers betyr mykje.

Continuavano a chiamarlo Trinità er ein god oppfølgjar og bør bli sett i lag med Lo chiamavano Trinità.... I lag er desse to fire gode fimar med spaghettiwestern.

Les også meldingar på filmfront.no (norsk) og notthistimenaylandsmith.blogspot.com (engelsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Continuavano a chiamarlo Trinità 1971 plakat - Filmdagbok

Sjangrar

Land