Control (2007)

Film / 2. desember 2007
5/5

Eg har aldri betrakta meg sjølv som et Joy Division-fan, ikkje rart når eg aldri har høyrt særleg mykje av bandet, med andre ord har eg aldri mislikt Joy Division. Et viktig poeng i samband med filmopplevinga min.

Tidlegare i haust gav eg meg tid til å lytte gjennom albumslista og fann i så måte ut at det ikkje var så dum musikk, hadde eg gitt meg endå meir tid ser eg ikkje bort i frå at eg kunne ha blitt godt glad i Joy Division, men det er ei anna sak. Meininga var å få en idé om kva musikk dette var, før eg skulle se Control.

I ettertid ser eg på det som lite viktig å ha eit forhold til Joy Division før du ser Control, sjølv om det er både kjekt å kunne sette ekstra pris på filmmusikken og vere ekstra svolten på privatlivet til Ian Curtis. For Control handlar i all hovudsak om vokalisten som person, utan å gå innpå historia til bandet i detalj. Control skildrar livet hans over en femårsperiode eller så utan å ty til romantiseringa vi så ofte får i musikkbiografiar, eg tenker i hovudsak på Ray og Walk the Line, som begge likevel er strålendes filmar.

Control er gjennomført i svart-kvitt, som ikkje kunne ha passa betre! Det går i et med humøret og legg en fin dempar på det faktum at Joy Division faktisk gjer det stadig betre som band utover.

Både møte med regissør Anton Corbijn og skodespelar Sam Riley som Ian Curtis var mitt første. Gjerne når eg rører meg innpå nye namn i filmverd er det eg opplever dei største overraskingane, utan forventningar eller tvil, samtidig er det så mykje lettare å godta skodespelarane i rollene sine.

Control blei ekstra god då eg kom inn i rett modus ganske tidleg og slutta å tenke på det som ein film, då eg hadde klart å nullstille meg i forkant, og det at folk fall på plass ganske fort utan at eg blei sittande å tenke på andre ting, eg har en tendens til å la kjente ansikt sette fart på koplinga til andre filmar.

Måten ting aldri blir prøvd forklart kvifor det og det skjer eller korleis Ian Curtis tenker, men overlatt til publikum å observere han og heller prøve å trekke slutningar sjølv med god, gammeldags fundering – utan å få stadfeste noe – gjer dette til e god filmoppleving som kan trekkast fram blant musikkbiografiar. Naturlegvis finst det handling som kan gi en svært enkel forklaring på saker og ting, men det ligg en mørkare natur i sinnet til Ian Curtis som får dette til å framstå som en generelt meir interessant film enn berre ein reise fra undergrunn til populartitet.

Dette var mi fundering rundt filmen, som om det var noe tvil om: eg synst var god!

Control 2007 plakat - Filmdagbok

Regi

Anton Corbijn

Manus

Deborah Curtis, Matt Greenhalgh

Skodespelarar

Sam Riley, Samantha Morton, Alexandra Maria Lara, Joe Anderson, James Anthony Pearson, Harry Treadaway, Craig Parkinson, Toby Kebbell, Andrew Sheridan, Robert Shelly

Sjangrar

Biografi, Drama, Musikk

Land

Storbritannia, USA, Australia, Japan

IMDb

IMDb-side om Control

Forfattar