Conversations with God

Første steg i å kunne la seg søkke bak i sofaen til ein film som heter Conversations with God er å oversjå spørsmålet om den allmektige faktisk eksisterer eller ikkje, og innstille seg først som sist at han gjer det for vår mann, Neale.

Andre steg er å førebu seg på eit sjangerdrama som tar turen nedom slummen og etter kvart tar seg opp igjen. Ingenting er nytt i samanheng med korleis filmen blir presentert, utan at eg vil påstå det bryr meg.

Neale, protagonisten som etter ei bilulykke får oppleve kor nådelaust det amerikanske systemet kan bli på sitt verste, blir spelt av den, for meg heller ukjente, Henry Czerny skjult bak fullskjegg. Han framstår som ein truverdig tapar, og ikkje minst vinner, og risikerer ikkje å overspele.

Balansen blir også halde oppe på andre område i filmen. Etter å ha sett Will Smith i The Pursuit of Happyness er det fint å få ein film som ikkje blir for sterk i skildringane sine, men som gir både glade og triste sider i passe porsjonar.

Conversations with God får full pott i dag. Siden han varte i nærare 1 time og 50 minuttar hadde eg rekna med å få plass til ein kjapp middag midtvegs, noko eg ikkje kom på før filmen var ferdig. Det må jo seiast å vere ein bra film når mat ikkje lengre er viktig.

Conversations with God 2006 plakat - Filmdagbok