Copenhagen

Ein 28 år gammal fyr går rundt i København. Han møter ei ung jente som viser han rundt. Han er på jakt etter familie, og først og fremst bestefaren sin. Vennen hans med dama si er eit dårleg reisefølgje og stikk av undervegs.

Copenhagen er ein film som både får meg til å ville reise, med sitt frie og flotte portrett av dei mange sidene til København. Og ein film med litt å tenke på, i sitt seriøse perspektiv på alder, avskilt familie og smått destruktive oppførsel.

Det er ein snodig vri på romantikken. Det er humor og ei fridomskjensle i visninga av unge menneske som syklar gatelangs i København, utan å vie tid på døgnet og liknande ein tanke.

Eg blei begeistra for denne. Eg har sansen for europeisk reisefilm, og ein av favorittane mine er L'auberge espagnole. Men eg synst ikkje alt var på plass i Copenhagen. I forbifarten, utan å tenke for mykje over det eller gå djupare inn i filmen, vil eg si at filmen brukar for lang tid på å komme til dei gode delene. Men eg vil ikkje kalle Copenhagen for kjedeleg heller. Det er berre snakk om eit hårfint skilje mellom god og veldig god her.

Copenhagen 2014 plakat - Filmdagbok