Cosmos: A Spacetime Odyssey

Cosmos: A Spacetime Odyssey er blant det beste eg har sett av ikkje-fiksjon. Eller faktaprogram. Eller opplæringsserie. Så lenge serien ikkje går innpå politikk eller tar slutningar basert på politikk. Men meir om det til slutt.

Serien handlar om kosmos, det vil sei alt som eksisterer frå den minste byggesteinen til det største tenkelege. Om samanhengar, tid, verdsrommet, vitskap, og slikt. Om oppdagingar, fortid, mogleg framtid og meir. Serien er visuelt slåande og har ei flott oppbygging. Kombinert med eit spennande tema blir eg stadig vekk imponert og begeistra.

Måten storleikar i tid og rom blir forklart er blant det som gjer størst inntrykk. Andre ting som er spennande er å lære grundigare om ting eg har så vidt høyrt, ant eller trudd. I løpet av tretten episodar rekk Cosmos: A Spacetime Odyssey å tråle gjennom mange historier og forklaringar.

Serien er klar på at du bør tenke kritisk. Det er bra. Eg reagerer likevel på at det i blant blir bastant meint at ein og annan ting er fastslått (for evig og alltid). Det er den klassiske og einsretta formuleringa rundt klimaendring som er slik. Her klarer heller ikkje Cosmos: A Spacetime Odyssey å skilje politikk og fakta. Eit vonbrot.

Sett forbi dette vil eg klart kunne anbefale serien vidare til dei som har ein snev av interesse for ei blanding fakta, tankeeksperiment og flotte bilde om eksistensen.

Cosmos: A Spacetime Odyssey 2014 plakat - Filmdagbok