Cosmos: Possible Worlds

Cosmos: A Spacetime Odyssey er oppfølgjaren til Cosmos: A Spacetime Odyssey frå 2014. Neil deGrasse Tyson er tilbake som programleiar i serien som er inspirert av Cosmos frå 1980 med Carl Sagan.

I denne serien er det ei håpefull framtid som er visjonen til serieskaparane. Myter og meiningar blir forsøkt oppklart og fakta lagt på bordet.

Det er ikkje alltid lett å forstå seg på innhaldet her. Er det basert på fakta, eller er det synspunkt prega av tida. Stemmer det som blir sagt, eller er det retorikk for å få fram poeng? Serien påstår å skulle rette opp i pseudovitskap. Men i blant får eg inntrykk av at han ytrar det som er sett som korrekt i tida.

Andre stunder glimtar serien til med å nemne kjeldene sine, seie at noko er rein spekulasjon eller nøyste opp i antatte sanningar. Etter kvart som eg har sett nokre episodar kjem eg godt nok inn i flyten til kva serien vil, til å setje pris på historiane som blir fortalt. Elles er kunnskapen om verdsrommet her noko eg likar. Det var kva som gjorde at eg likte den noko betre Cosmos: A Spacetime Odyssey meir også, han hadde meir vitskap om verdsrommet.

Eg vil ikkje anbefale serien vidare. Han er for dryg på tida, og verkar som ein utvatna av Cosmos: A Spacetime Odyssey. Så skal du sjå noko så sjå Cosmos: A Spacetime Odyssey.

Cosmos: Possible Worlds 2020 plakat - Filmdagbok