Cowboy

Film · 1958 · · 3. august 2021
4/5

Cowboy er ein av dei lettare tilgjengelege westernfilmane eg har sett i frå 1950-talet. Det handlar om ein hotelltilsett som har lyst til å bli kveg, og gjennom denne karakteren får me ei innføring i det som gjerne utgjer ein western.

Jack Lemmon spelar den hotelltilsette som klarar å få til ein avtale om å følgje ein dyktig kvegførar på det neste oppdraget hans. Avtale blir inngått med kvegføraren er full, men avtalen blir ståande.

Så går turen først frå Chicago og ned til Mexico, der ein ny flokk med kveg skal hentast og fraktast nord til Chicago igjen. Vår nye kvegførar er fersk på alt som har med dette harde yrket å gjere, og møter på utfordringar og episodar han aldri såg for seg. Heile tiden med leiaren som tilbyr han å trekke seg frå avtalen deira over seg.

Kva er dei gode sidene ved Cowboy? Jack Lemmon sitt skodespel, og formidling av ein karakter som gradvis veks på erfaringane han gjer seg. Glenn Ford som sjef for kvegførarane, som på sitt vis også veks på erfaringane og orda til nykommaren, utan at eg skal røpe for mykje. Så er det alle sekvesane med kvegføring, som kan sjå brutale ut tilogmed på film. All ære til stuntmennene som hadde nærkontakt med oksane og kvigene. Oppbygginga til filmen er tydeleg og manar mi interesse. Eg kunne ane kva retning det ville ta, men var likevel spent på når og korleis filmen ville komme seg vidare.

Kva er dei dårlege sidene ved Cowboy? Eigentleg ingen verdt å nemne. Ein grunn til at filmen ikkje nådde toppen, er at han var gjenkjenneleg og litt føreseieleg. Altså at han ikkje kunne by på noko heilt nytt, uventa og totalt imponerande. Det i seg sjølv trekk ikkje filmen vidare ned, men hindrar han berre i frå å nå toppen. Elles var det meste på plass her til å svare forventingane mine til ein film med tittelen Cowboy.

Les også meldingar på jerryattheoldmovies.blogspot.com (engelsk) og reelfilm.com (engelsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Cowboy 1958 plakat - Filmdagbok