Crazy Kind of Love

Amanda Crew var trekkplasteret i Crazy Kind of Love, og ho som leverte dei mest minneverdige og beste prestasjonane i filmen. Historia som blir fortalt er om Henry (Graham Rogers), viss far forlet mora, og mora tar det tungt. Henry møter så Bette (Amanda Crew), som har ein direkte personlegdom. Ho flyttar fort inn, og tilfører liv til den elles dystre heimen, som snart også består av broren til Henry.

Ei god stund var den friske stilen til Bette nok liv for filmen. Men etter kvart som filmen nærmar seg eit tilsynelatande nødvendig vendepunkt, endrar stilen til filmen seg frå å ha ein god flyt til å bli av den meir påtvinga sorten. Ingenting i vegen med det i blant, men her kunne eg tenke meg at me verken hoppa i tid eller måtte gjere stort meir ut av det enn å runde av gradvis.

Crazy Kind of Love har sine kvalitetar. Som eit innblikk i påkjenningane etter ein separasjon for ei mor og ein ungdom, om enn litt lystigare formidla. Andre små problem blir også streifa innom, stort sett på humoristisk vis.

Crazy Kind of Love 2013 plakat - Filmdagbok