Crimes and Misdemeanors

Så var det duka for Woody Allen her igjen med dette hoppet tilbake til slutten av 1980-talet. Me er i kjente kretsar, nemleg New York, og filmen vekslar mellom rik overklasse og kreativ middelklasse. Dei to viktigaste historiene heng ikkje meir saman enn via slekt og kjente her, men ser likevel ut til å møtast ved mindre høve som er nok til å gjere det til ein samla film.

Den rike augelegen Judah Rosenthal (Martin Landau) har hatt ei dame på si i to år og innser at han har eit alvorleg problem når ho krev meir av han enn enkel elskhug. Når ho truar han med å avsløre forholdet for Mrs. Rosenthal innser han at noko må skje.

Den kreative sjela Cliff Stern (Woody Allen) jobbar med ein dokumentarfilm og har ikkje tent pengar på lenge, lite har det også skjedd på ekteskapsfronten hans som gradvis går i grøfta.

Historiene til desse to karakterane er i beste Woody Allen-stil, og skil seg tydeleg frå den typiske Hollywood-filmen. Det er flust av sosiale lag til å uttrykke seg i på eit høgt intellektuelt basis, og Woody Allen nyttar sjansen gjennom sin eigen rollefigur til å komme med eigne meiningar. Eg mistenker han dessutan for å bruke karakteren Lester som delvis talerøyr også.

Tidlegare har eg sagt, og eg gjentar det igjen, at eg har stor sans for Woody Allen sine filmar. Det er interessante samtalar på eit forståeleg nivå, som du også kan legge ganske mykje i om du ønskar, og det er noko eige med stemninga. Oppskrifta blir nok brukt i fleire av hans filmar med litt variasjon, men det er akseptabelt.

Crimes and Misdemeanors 1989 plakat - Filmdagbok