Crouching Tiger, Hidden Dragon: Sword of Destiny

Crouching Tiger, Hidden Dragon: Sword of Destiny er ein anna type film enn eg hugsar forgjengaren som, Wo hu cang long. Det er ein god film likevel, men ikkje så poetisk eller stilfull.

Ein annan vesentleg forskjell er at dette er ein engelskspråkleg film. Men sett bort frå eventuelle forventningar som er knytt til denne på bakgrunn av forgjengaren, betyr forskjellane lite.

I Crouching Tiger, Hidden Dragon: Sword of Destiny er det to grupperinger og eit sverd som utgjer den sentrale historia. Den kriminelle og deira sjef er på jakt etter eit kraftfullt sverd. Dei andre må samle seg for å verna sverdet.

Michelle Yeoh er i spissen for Iron Claw-grupperinga som passar på sverdet. Både karakterar og sverdet har tilknyting til Wo hu cang long, men med godt over ti år sidan mitt førre møte med den filmen, så blei Crouching Tiger, Hidden Dragon: Sword of Destiny som eit første møte med desse elementa for meg.

Eit minus med denne filmen er at han rett og slett ser litt billeg ut. Eit større minus er at filmen lenge tar lett på dramatikken. Eg trur det handlar om tempo og difor dveling ved personane. Det går litt fort fram og tilbake, og enkelte poeng blir for lett behandla.

Det er altså stort sett små detaljar som dyttar filmen ned frå toppen. Men dei er vesentlege nok. Av det eg likte med filmen er dei fantastiske innslaga, altså den urealistisk fysikken i både vanlege rørsler og i slåstinga. Slåstinga er også god og lett å følge med på. Ei anna sak eg skulle ønske, var for filmen til å handle om karakteren Snow Vase i større grad. Debutanten Natasha Liu Bordizzo er eit namn å følge med på framover.

Crouching Tiger, Hidden Dragon: Sword of Destiny 2016 plakat - Filmdagbok