Crown for Christmas

Crown for Christmas er ein romantisk komedie og ein julefilm som kom ut i 2015. Han er regissert av Alex Zamm.

Dette er ein Hallmark-film, som blei valt ut av den grunn at Hallmark er temaet eg har teke for meg når eg har valt ut julefilmar i år. Eg hadde ingen forventningar til denne, og var kanskje noko skeptisk også. Men med få dagar igjen til jul var eg noko open for å velja tilfeldige og lett tilgjengelege filmar for å komme i mål med å sjå 24 filmar.

Crown for Christmas handlar om ei ung kvinne frå New York som mistar jobben som reinhaldspersonell på eit hotell, men blir hyra inn som barnepike for ei prinsesse i eit oppdiktet lite land i Europa. Det er ikkje mange ledd som knyt trådane, men detaljane hoppar eg over i dette handlingsreferatet. Ved opphaldet på slottet til dei kongelege ho jobbar for, oppstår også søt musikk med den einslege kongen.

Ettersom det er lite å skryte av om denne filmen, kan eg oppsummere dei fleste sidene ved filmen med nokon få ord. Han ser billeg ut, blir opplevd som billeg, og har ei enkel historie. Produksjonen er ikkje nemneverdig dårleg. Og at dette er ein ukomplisert film som verkar å vere laga på rulleband. Mange av julefilmane eg har sett frå Hallmark i år er sånne filmar, og har blitt redda av gode skodespelarar eller skodespelarar eg har eit forhold til. Då Crown for Christmas ikkje kan skilte med noko av dette, ryk han ut som den kjedelege og overflatiske filmen han er.

Dette er ein film du berre kan finne på å sjå om du har eit forhold til nokon av skodespelarane, eller brenn for enkle romantiske komediar med kongelege som tema.

Crown for Christmas 2015 plakat - Filmdagbok