Crumb

Ein etterlengta dokumentar som absolutt ikkje skuffar. Terry Zwigoff har klart å lage ei ærleg framstilling av Robert Crumb, og får verkeleg fyren til å snakke om alt: Frå fetisjar, haldningar, tvangstankar, sex og sjølvsagt korleis mange av dei mest kjente seriane og teikningane hans har blitt til.

Det blir ikkje lagt skjul på noko her, og intervjua med andre familiemedlemmer er veldig nærgåande. Det eg likar her er at Terry Zwigoff ikkje er med føre kamera, at det er Robert Crumb som er hovudpersonen. Terry Zwigoff prøver ikkje å vere ei dokumentarfilmstjerne som skal få fram hans eigne opplevingar i møte med Robert Crumb.

Dokumentaren er lang, to timar faktisk. Det vil sei at det er tid til å få vist massevis av tidlegare og aktuelt arbeid av mannen med pennen. Lengre dokumentarar kan ofte bli litt trasige å følge, men eg tykte denne klarte å halde interessa oppe heilt fram til slutten.

Crumb 1994 plakat - Filmdagbok