Cuckoo

Serie
2012–2019
3/5

Cuckoo er ein serie som utviklar seg over tid. Det handlar om ein britisk familie, med faren spelt av Greg Davies og mora av Greg Davies i spissen. Dei er ein sånn passe normal familie, men faren er litt firkanta.

Dotter har vore på reisefot i eit år. Då dei hentar ho på flyplassen er ho nygift og har med seg ein mann. Mannen er spelt av Andy Samberg, og er ein fargeklatt som snur livet til familien opp ned i første sesong.

I andre sesong utgår han. Inn kjem Twilight-alumnen Taylor Lautner som spelar sonen til Andy Samberg. Han blir den nye fargeklatten som set preg på Cuckoo i tre sesongar. Humoren spelar på at han ikkje er tilpassa verken det vestlege eller britiske samfunnet, men at han har stor evne til å lære ting. Noko han må gjere mykje av og frå botnen av på mange områder.

I femte sesong har Taylor Lautner utgått. Inn kjem Andie MacDowell som ein slekning av faren i familien. Ho er rik og bortskjemt, og kjem i utgangspunktet for å be om ei nyre. Men så skjer det noko i livet hennar som får ho til å bli. Lik både Andy Samberg og Taylor Lautner så snur ho livet opp ned for familien.

Cuckoo er morosam og held eit godt nivå heile vegen. Ikkje topp nivå, men stabil og god komedie. Det at jokeren i serien blir bytta ut er med på å halde liv i han over tid. Og det er artig at det er kjente amerikanske skodespelarar kvar gong.

Cuckoo 2012-2019 plakat - Filmdagbok

Publisert

30. april 2019 av

Merkelappar

BBC, Netflix

Skaparar

Robin French, Kieron Quirke

Skodespelarar

Greg Davies, Helen Baxendale, Tyger Drew-Honey, Kenneth Collard, Esther Smith, Taylor Lautner, Matt Lacey, Selina Griffiths, Juliet Cowan, Holly EarlVis alle 155 skodespelarar

Sjanger

Komedie

Land

Storbritannia

IMDb

IMDb-side om Cuckoo