Cujo

Ein hund får rabies og byrjar å drepe menneske utanfor ein liten amerikansk småby. Hunden heter Cujo og er i utgangspunktet ein dorsk St. Bernard. Men etter forvandlinga og eit par liv på samvitet så er dette blitt eit monster av ein hund.

Cujo er basert på ei Stephen King-bok. Eg kan ikkje nekte for at eg har fordommar mot mot Stephen King-adapsjonar. Trass i at fleire av mine favorittfilmar er slike, så finst også fleire i andre ende av skalaen. Cujo er inkje vonbrot fordi forventningane var små, men er ein kjedeleg film.

Det tar tid å bygge opp mot klimakset. I denne perioden er familie og utruskap sentralt. Ved sida av følger me Cujo og hans forvandling. Men Cujo klarar ikkje å bygge spenning i denne perioden. Og når det første drapet skjer er det tanken om at det endeleg skjer noko som streifar meg. Utan at det endrar inntrykket mitt av filmen eller spenningsnivået.

Etter kvar som filmen rullar vidare kjem me til ei scene som er verdt å nemne. Det er noko av det kjedelegaste eg har sett på lenge. Cujo lurer på ein gardsplass, og to menneske sit innesperra i ein øydelagt bil. Og scena spelar seg ut over minst eit kvarter, kanskje meir. Eg har lyst til å slå av filmen, men har komme så langt at eg også vil sjå han ferdig.

Alt i alt er det mykje feil med Cujo. Det vesle positive eg kan sei er at skodespelarane ser ut til å gjere ein grei jobb. Historia til filmen heng på greip, men det er måten han blir fortalt på som er kjedeleg.

Cujo 1983 plakat - Filmdagbok