Cupid & Cate

Cupid & Cate er ein Hallmark-film med Mary-Louise Parker og Peter Gallagher i hovudrollene. Filmen er regissert av Brent Shields, og er et romantisk drama.

Det handlar om ei kvinne som er i eit trygt forhold. Ho ser ingen spesiell framtid med mannen, men seier ja fordi det er enkelt når han frir. Så dukkar ein meir pågåande og interessant fyr opp, og bidrar etter kvart til meir romantikk i livet hennar. Det er også innslag av alvorleg sjukdom, eit dårleg forhold til ein far og andre små ting som utfyller filmen.

Eg forventa eit fint og lett drama, med noko glimt i auget på bakgrunn av skodespelarvalet. Mary-Louise Parker, Peter Gallagher og Hallmark var dei utslagsgivande årsakene til at eg så filmen.

Cupid & Cate leverer nokolunde som forventa. Produksjonen er god til å vere ein tv-film, noko fleire kjente skodespelarar også bidrar til.

Eg likte denne godt. Han er morosam, litt trist og har eit godt driv med ei oversiktlig, men ikkje for einsformig historie. Eg tykte skodespelarane var godt involvert, og fekk inntrykk av at det var litt giv i å fortelja denne historia. Sjølv om ho har nok av erketypiske dramatiske element du kjenner i frå dei seriøse tv-filmane.

Du kan trygt sjå Cupid & Cate om du likar trygge og enkle romantiske drama, Mary-Louise Parker og Peter Gallagher.

Cupid & Cate 2000 plakat - Filmdagbok