Curb Your Enthusiasm (2000–2017)

Serie / 4. desember 2017
4/5

Larry Davids Curb Your Enthusiasm er en perle av ein serie. Fyren har plassert seg sjølv i hovudrolla, og har et blandet apparat av ekte og oppdikta personar rundt seg.

Hovudsaka er at dette kjennest som både et innblikk i hans liv, snodigste sider og situasjonar. Samtidig som er utprega fiksjon.

Eg må innrømme at eg ikkje var den største fanen i byrjinga. Det tok meg eit par forsøk før eg i det hele gav serien en vidare sjanse utover å sjå første sesong.

Etter kvar tar serien seg sterkare og sterkare opp, og finner sitt format og ei form for oppbygging av episodar som går igjen. Dette minner meg om Seinfeld som også ble perfeksjonert over tid, og kor episodane til slutt hadde en struktur som fungerte utmerka.

Når eg i skrivande stund er ferdig med åttande sesong, som foreløpig er den siste, kunne eg godt tenke meg å sjå meir.

Curb Your Enthusiasm 2000-2017 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

HBO

Skapar

Larry David (I)

Skodespelarar

Larry David (I), Jeff Garlin, Cheryl Hines, Susie Essman, Richard Lewis, J.B. Smoove, Bob Einstein, Ted Danson, Ashly Holloway, Shelley Berman

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Curb Your Enthusiasm

Forfattar