Curious George

Film / 2006
4/5

Eg har ikkje vist stor begeistring for animerte barnefilmar her, spesielt dei med dyr i. Handlinga til Curious George er om livet til ein apekatt. Det er visse likskapar med Jungeldyret, då me følger ein afrikansk krabat til storbyen.

Curious George er basert på ei teikna barnebok, kanskje meir kjent i USA enn i Noreg, eller berre gammal nok til at ikkje har fått med meg noko oppstyr rundt ho. Eg har derimot lese ein versjon for lenge sidan, og hadde difor nokre små forventningar til denne filmen.

Ved første augekast kan dette sjå ut som god gammaldags todimensjonal teiknefilm, men det er tredimensjonalt skapt med ein teikneserieprega stil. Dette kjenner me igjen frå fleire andre filmar, og er vorte ganske vanleg i slike samband. Det fungerer utmerka, og teikninga har fått halde på stilen frå boka. Til glede for meg.

Eg likte Curious George, og storkoste meg som om eg var vorte eit lite barn igjen. Eg kjente igjen mange av figurane og situasjonane, og vart overraska av nye. Det som skulle vera morosamt fekk meg til å le, og det som skulle vera trist fjerna smilet mitt. Likevel om du ikkje skulle vere kjent med George eller Nils, så trur eg du vil ha gleda av å sjå denne filmen.

Ting som at David Cross hadde stemma til Junior Bloomsberry, og at denne karakteren faktisk likna på David Cross var berre ein fin bonus i tillegg til Will Ferrell som gjer stemma til Ted. Will Ferrell og Ted vert for delen min to svært ulike personar, men det fungerte utmerka likevel.

Curious George 2006 plakat - Filmdagbok