Cyborg

Cyborg opna med flotte kulisser som sette meg i stemning med ein gong. I ei post-apokalypse verd, prega av forfalne bygningar, bilvrak og gater overstrødd av søppel. Oversiktsbilde som tydeleg er ei form for maleri, og mindre scener som er avgrensa til det ytst nødvendige område. Det gir inntrykk av at det vesle budsjettet har blitt utnytta til fulle, og på ein god måte.

Det er på sin plass å nemna at Cyborg er ein cyberpunk-kampsportfilm. Når Jean-Claude Van Damme dukkar opp tar det ikkje lang tid før han må forsvare seg sjølv og andre. Historia i filmen handlar om å verna ei kvinne som er cyborg og har verdifulle data som kan redde verda frå epidemien som førte til apokalypsen. Samtidig blir forhistoria til Gibson (Jean-Claude Van Damme) og eit hemntokt viktig.

Etter å ha komme fort i stemning held eg fram med å like Cyborg ei stund. Filmen er tøff og rett på sak, og vekslar lite elegant mellom forseggjorte miljø, og billege forfalne industriområde. Det har sin sjarm. Reisa til karakterane har eit mål, og verkemiddelet for å nå dit er slåsting.

Dessverre har filmen ein svakheit som blir klar ganske fort. Ting skjer for seint. For å unngå forvirring og motseiingar: Filmen er klar på kva han skal fortelja, og byrjar fort på nye kapittel, men i desse blir det meste dratt ut med lange takingar av meiningslause poeng, og gjentaking på gjentaking. Når eg opplev ut i filmen at dei same tilbakeblikka blir brukt for andre gong, så var det på tide å ta ein pause.

Hadde Cyborg hatt litt meir å gå på, og ein annan rytme, så hadde resultatet kunne blitt ein tøffare og heftigare actionfilm.

Å plassere denne filmen på ein poengskala er vanskeleg. På ei side er han meir enn eg forventa, og det er mykje å sette pris på. Men så er det problemet med tempoet, at eg i to tredjedeler av filmen sleit med å holde interessa oppe.

Cyborg 1989 plakat - Filmdagbok