D2: The Mighty Ducks

Mighty Ducks har blitt eit varemerke, og det går utover spelarane. Når dei skal konkurrere på internasjonalt nivå under banneret til USA er det blitt pengar med i bilde, og spesielt Coach Gordon Bombay ser ut til å tene godt på dette. Den eksakte summen er uviss, men visstnok stor.

D2: The Mighty Ducks er ikkje anna enn ein middels film samanlikna med den første, som i det minste hadde ei byrjing. Filmen held fram der The Mighty Ducks slutta, og filmen kjennest stort sett ut som ein eviglang midtre del av ein film. Det vitnar om at det kunne blitt laga nok av Mighty Ducks-filmar om Disney hadde bestemt seg for det, men heldigvis blei det med tre, som kanskje er to for mykje uansett.

Det gjenstår å sjå kva den tredje filmen vil bringe.

D2: The Mighty Ducks 1994 plakat - Filmdagbok