Daai zek lou

Kort pause i Katakombene før Daai zek lou, som alle pausene denne dagen. Johnnie To gir oss ei sjangerblanding av ein film utan like. Kampsport, politifilm, overnaturlege krefter, grøssar, romantikk, religion, komedie. Utan klare skilje.

Den gode skodespelaren Andy Lau gjer hovudrolla i ei utruleg teit muskeldrakt. Så seint på dagen vart Daai zek lou i overkant av blanding, mot slutten heller slitsamt. Men han har kule slåstscener og er på ingen måtar einsformig. Berre litt rotete. Greia er at eg veit at Johnnie To kan lage betre, langt betre, film. Exiled hadde eg stor glede av tidlegare i år.

Daai zek lou 2003 plakat - Filmdagbok