Dag

Serie · 2010–2015 · · 21. november 2015
4/5

I byrjinga var Dag blant det beste norske av serie eg hadde sett. Dei to siste sesongane viste seg å vere mindre gode, då han mangla ein del av den lette, misantropiske komedien. Og har erstatta det med eit meir gjennomtrengande og negativt menneskesyn.

Etter fire sesongar over fem år med Dag, kan eg oppsummere heile serien med dette korte avsnittet. Heile vegen har serien bestått av store ord og forklaringar på personlege problem som ikkje heng på greip, men som manusforfattarane sannsynlegvis er stolte av og få sagt.

Det at den friske komedien frå byrjinga av etter kvart falmar gjer at denne trongen til å formidle løysingar på verdsproblem blir synlegare. All komedie er heldigvis ikkje borte, så på sett og vis er ikkje Dag utelukkande ein negativ serie mot slutten, men like fullt ein serie eg er glad for å bli ferdig med.

Eg vurderer serien som god, basert på den første og beste perioden, som eg anbefaler å sjå. Men eg anbefaler også å gi opp cirka halvveges.

Dag 2010-2015 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Atle AntonsenTuva NovotnyAnders Baasmo ChristiansenVis alle

Sjangrar

Land