Damsels in Distress

Eg forventa meir frå den nye Whit Stillman-filmen, men vart heller ikkje skuffa. Filmen har kjente element frå tidlegare Whit Stillman-filmar. Det handlar om ei bestemt form for dansing, diskusjonar om ymse sosial åtferd og det er snakk om sosial status.

Men Damsels in Distress kjennest for lang. Han kunne med fordel ha vore meir engasjerande, og han er heller ikkje spesielt interessant i diskusjonane.

Eg likar likevel utviklinga me følger og ser hjå Lily (Analeigh Tipton), som er personen på utsida me møter i starten. Ho blir introdusert for gruppa med folk me følger i filmen i opningsminuttane. Gjennom ho blir me kjent med dei nye vennene og deira rare oppførsel. Men i lengda mistar eg altså interessa.

Damsels in Distress 2011 plakat - Filmdagbok