Dangerous Curves
Det beste med Dangerous Curves er filmplakaten. Lettkledde damer, alpin ski, turkis handskrift. Sentrert rundt protagonisten, eksotisk i uttrykket, men framleis ein snev av kunstnarisk takka vera at det er ein illustrasjon.
Det nest beste med Dangerous Curves er rollebesetninga. Den tyske varianten av filmplakaten, der filmen går under Scharfe Kurven, frontar filmen som ein Leslie Nielsen-film. Men komikaren har berre ei mindre rolle. Protagonisten er unge Chuck, spelt av Tate Donovan. Eg kjenner han best frå The O.C., men han har spilt i eit hav av filmar, gjort ei større gjesterolle i Friends, og var lenge med i Damages. I denne filmen er han ung og pliktoppfyllande. Han skal levere ein Porsche for sjefen, men bilen blir stolen. Og han og vennen Wally (Grant Heslov) må oververe ein skjønnheitskonkurranse for å ha ein sjanse til å få bilen tilbake.
Filmen kunne ha vore enklare, men ikkje mykje. Dangerouse Curves er stort sett så rett fram som du kan få det. Sol, sand, billeg humor og lite substans er pakka inn i ei kjærleikshistorie som verken har gnist eller motstand.
Dette er filmen du ser dersom du er glad i det dårlege, og glad i det enkle 1980-talet på film. Men sjølv då er det ikkje spesielt kjekt.

Regi
Manus
Skodespel
Tate Donovan • Grant Heslov • Danielle von Zerneck • Valerie Breiman • Karen Lynn Scott • Robert Romanus • Robert Klein (I) • Robert Stack (I) • Leslie Nielsen • Elizabeth Ashley (I) • Martha Quinn • Michael J. Rosenberg • Eva LaRue • Maree Cheatham • Armin Shimerman • Freeman King (I) • Theresa Ring • Steve Pink • Debbe Dunning • Sari Ellison • Lynette Marie Berry • Wanda Acuna • Jennifer Curry • Cynthia Geary • Barbara Lee-Belmonte • Jill Osborn • Vernon Bowman • Keith D. Jones • Michael Sinclair Walter • Antonio Tang • De'Anna Jennings • Ron Johnson (III) • Dante • Carl E. Smith … Minimer … Vis alle