Dare

Dare handlar om forholdet som utviklar seg mellom tre ungdommar på high school. Ei skuleflink og roleg jente som søker nye opplevingar for å bli ein betre skodespelar. Hennar litt snodige venn. Og ein loner-type som dei begge blir interessert i.

På papiret verkar det som eit ganske så vanleg trekantdrama. Det er det nødvendigvis ikkje. Det er ein tredelt film som tar for seg historia til kvar av desse. Ikkje parallelt, men kronologisk. Og innanfor desse tre historiene er det relativt ukompliserte forhold, men likevel nok ungdomsdramatikk til å interessere.

Det kunne fort ha blitt svakheita til filmen at han tar lett på eventuelle forviklingar. Men eg synest det er karakterane kvar for seg som er det mest interessante. Deira reaksjonar og handlingar. Og sånn sett kom eg til å like filmen.

Det er ikkje til å komme unna at ein sentral del av filmen har ein direkte stil. Ikkje så altfor grafisk, men ofte insinuert. Eg kan også sette pris på at dette blir gjort på ein måte som ikkje blir klein eller klisje. Det er heile vegen ein balansegang, så briljerande og trygg er han ikkje alltid. I blant blir det for enkle løysingar, og det er lite ved filmen som ikkje er opplagt.

Dare 2009 plakat - Filmdagbok