Dark City

Mørkkledde menneskeliknande skapningar har teke kontroll over minnet til folk og omgivnadene deira. I ein by der det alltid er mørkt og ingen vegar fører ut vaknar J. Murdoch (Rufus Sewell) opp for å finne ut at han er ettersøkt for ei rekke mord, utan å ane korleis dette gjekk til.

Dyster storbystemning med ruvande murbygningar overalt, slik er det 1920-talsprega bybilde i Dark City. Eller er me på 1950-talet? Bilar og anna teknologi henta frå ulike tiår gjer det vanskeleg å fastslå, akkurat som det er vanskeleg for Murdoch å fastslå kva som skjer i den labyrintoppbygde byen.

Førre gang eg så denne filmen var rundt 6–7 år sidan. Fordi han har vore som spikra i minnet mitt sidan har eg lenge hatt lyst til å sjå han på nytt. Byen som gir oss ei kjensle av å vere innesperra er eit av dei råaste miljøa eg har opplevd på film: Teatralsk og mystisk, samtidig stort og variert. Science fiction og thrilleraktig historie står det heller ikkje tilbake på. Her er også politietterforskar (William Hurt), fysisk skjør doktor (Kiefer Sutherland) og uviktig kjærleiksinteresse (Jennifer Connelly) på plass.

Rufus Sewell gjer ei svak rolle midt oppi dette, og er på mange måtar som Keanu Reeves i The Matrix, litt malplassert. Hovudtrekka i filmen har mange likskapar med The Matrix (eller motsett sidan Dark City kom først). Faktumet at han prøver å skjule spesialeffektane med mørke og skuggar kan så vel vere på grunn av økonomi som at det står meir i stil med resten av filmen, det fell uansett i smak her.

Dark City 1998 plakat - Filmdagbok