Dark Star

Dark Star er langfilmdebuten til John Carpenter, ein romskipskomedie med mannskapet om bord i bombaren Dark Star, viss oppgåve er å øydelegga ustabile planetar.

Om bord i romskipet skjer det ikkje mykje. Eine astronauten opplever litt trøbbel med eit badeballiknande romvesenkjæledyr dei har om bord, men det er stort sett høgdepunktet, ved siden av ein eksistensdiskusjon med ei bombe.

Dark Star har nokon gode vitsar innimellom, så det er ikkje fullstendig bortkasta tid. Men samanlikna med andre filmar av John Carpenter er eg skuffa. At det vart laga på lågt budsjett forandrar ingenting i mine auge denne gongen.

Dark Star 1974 plakat - Filmdagbok