Dark

Serie
2017–2020
4/5

Den tyske serien Dark har i skrivande stund gått i to sesongar på Netflix. Serien kan bli karakterisert som ei blanding av science fiction, mysterium og thriller. Men som ein moderne serie er det også mange andre sjangertrekk og eigenskapar som er med på å skildre han.

Det handlar om at fleire barn forsvinn og tidlegare har forsvunne i ein liten tysk by. Politiet set i gang etterforskinga, men kjem ikkje så langt. Nokre vert mistenkte, mens andre vert frå seg av sorg. Ei løysing på kva som skjer er derimot ikkje det første me får.

Etter kvart spelar det seg ut ei kopling noko som skjer på eit kjernekraftverk. Kjernkraftverket har i mange år vore den største arbeidsplassen i byen, men er no i ferd med å bli lagt ned. Ei nettverk av hol under bakken, som går inn under kjernekraftverket, har ei rolle i forsvinningane.

Utan å røpe for mykje av det spesifikke innhaldet i serien, tenkte eg å kommentere oppbygginga til andre sesong. Andre sesong har ei omfattande oppbygging og forteljarteknisk struktur. Både på grunn av at det gjekk ei stund mellom eg såg første og andre sesong, men og i måten me følger dei mange og sentrale karakterane på. Det at serien krev at eg hugsar mykje frå første sesong, som eg ikkje hadde friska opp, gjer at det tek tid før eg kjem inn i ein god flyt. Men sjølv om det er krevjande, så er det også fint å bli utfordra slik som Dark legg tilrette for.

Tredje sesong rundar av på godt vis, og oppklarar mykje.

Totalen er tre gode sesongar.

  • Dark 2017-2020 plakat - Filmdagbok
  • Dark 2017-2020 plakat - Filmdagbok
  • Dark 2017-2020 plakat - Filmdagbok

    Publisert

    18. juli 2020 av

    Merkelapp

    Netflix

    Skaparar

    Baran bo Odar, Jantje Friese

    Skodespelarar

    Louis Hofmann, Karoline Eichhorn, Lisa Vicari, Maja Schöne, Stephan Kampwirth, Jördis Triebel, Andreas Pietschmann (I), Paul Lux, Moritz Jahn, Christian HutchersonVis alle 139 skodespelarar

    Sjangrar

    Krim, Drama, Mysterium, Science fiction, Thriller

    Land

    Tyskland, USA

    IMDb

    IMDb-side om Dark