Darkman

Film / 1990
3/5

På veggen bak meg har eg kanskje ein av dei råaste filmplakatane som er laga: Army of Darkness med Bruce Campbell iført motorsagprotese på armen. Øvst står det From the director of Darkman. Etter eit år med påminningar om at eg ikkje har sett filmen, fann eg tida rett for å sjå Darkman.

Sam Raimi er altså mannen bak dette, som er ei hemntokt med forskaren Peyton Westlake (Liam Neeson) bak spakane. Etter han blir prøvd drepen i laboratoriet sitt, kjem Peyton tilbake med svære brannskadar i ansiktet for å gjere opp for seg. Då er det kjekt at han har forska på hud, og kan skape eigne masker.

Det er ei ganske så sprø jakt som vidare blir utført, med dryge actionsekvensar på rekke og rad. Sett med eit kritisk blikk kan fleire av desse verke enkle i dag frå ein teknisk ståstad, men det gir meg gode assosiasjonar til tidlegare Sam Raimi-produksjonar. Det blir gjort tydeleg at dette er film, og ting som opplagt berre kan eksistere i ei fiksjonsverd blir flittig brukt for å bygge opp filmen. Underhaldningsverdien blir dermed høg.

Dramaet og ikkje minst kjenslene kjem derimot ikkje så godt fram som eg skulle likt, dette er trass alt eit hemntokt. Avstanden til Peyton alias Darkman blir for stor. Eg skulle gjerne følt meir sympati for mannen for å fått meir ut av filmen. Men så lenge det ikkje blir for mykje sympatisering så burde eg kanskje vere glad til?

Darkman 1990 plakat - Filmdagbok