Darkness

Utgangspunktet mitt for å sjå denne filmen var at han er regissert og skrive av same mannen som stod bak Frágiles, Jaume Balagueró. Eg hadde ingen voner til filmen, ettersom eg så han ganske på sparket etter å ha blitt tipsa om han.

Filmen overraska positivt. Litt, men ikkje mykje. Historia tok aldri helt den vegen eg hadde rekna med. Ettersom dei fleste filmane eg har sett i denne kategorien ikkje har vore særleg nyskapande på historiefronten. No skal det seiast at eg helst har sikta meg inn Hollywood-filmane med kjente skodespelarar som har fått mest omtale.

Darkness er ikkje helt borte vekk på skodespelarfronten heller, ettersom me møter både Anna Paquin og Lena Olin. Førstenemnte har òg spela Rogue i X-Men, mens sistnemnte er aktuell for tida i Casanova. Men skodespelarane var ikkje noko som imponerte her. Anna Paquin er OK å sjå på, men gjer kanskje ikkje all verda ut av seg.

Iain Glen derimot gjer eit sterkt inntrykk som den snille faren som etter kvart blir galen, og deretter galnare. Eg kan ikkje unngå å trekke ei kopling til Jack Torrance spelt av Jack Nicholson i The Shining. Noko som det verka som Jaume Balagueró også har gjort eit par plassar.

Darkness 2002 plakat - Filmdagbok