Das Adlon. Eine Familiensaga

Serie · 2013 · · 21. september 2021
4/5

Utvalet av seriar har eksplodert dei siste åra. Det er i blant vanskeleg å finne ut kva som skal sjåast som neste. Mykje skryt som er å lese på nettet er falskt, upartisk og lite representativt for heile serien og kva han endar opp med å bli. Og ein serie tek ofte ein del tid, så det må vere noko som er verdt tida.

Poenget med denne introduksjonen var ikkje å vere negativ mot at det no er mykje å velje mellom – sjølv om det er vanskeleg å få hendene på tidlegare seriar i blant – eller å kritisere kritikarar. Men det å godsnakke straumetenester som vel ut gode titlar for deg. Det var blant eit smalt utval ein stad at Das Adlon. Eine Familiensaga dukka opp. Midt i blinken med tre episodar på ein og ein halv time. På ei teneste kor eg sjelden har vore borti det verste. Det går an å snakke lenge om finansieringsmodellen til NRK, men utvalet av seriar og filmar sett for seg er gjerne bra.

Das Adlon. Eine Familiensaga handlar om eit hotell i Berlin gjennom nesten hundre år. Om folka som startar det, veks opp i det, driv det, og hendinga i verda undervegs. Første verdskrig, andre verdskrig og den kalde krigen. Det er i blant tung tematikk, men det er så fiffig oppsummert og hotellet som bautaen gjennom heile serien gir dette eit stolt preg.

Det er ein film som engasjerer, rører og er god underhalding. Enkelte verkemiddel skin fort gjennom i produksjonen, litt klisjeaktig kan eg sei, men det gjer ingenting i det store og heile. Eg likar det eg ser.

IMDb-logo
TV Time-logo
Das Adlon. Eine Familiensaga 2013 plakat - Filmdagbok