Das Boot

To ting som eg finn vel verdt å nemna i samband med denne filmen er som følgjande: Grunna støy i ubåten er filmen opphavleg dubba, til både tysk og engelsk. Eg såg den engelske versjonen, sjølv om eg alltid elles er i mot å sjå film på anna enn originalspråket (dette gjeld òg animasjonsfilm). Så er filmen nærare 3 timar og 20 minuttar lang, noko som førte til at eg såg filmen i tre etappar: Morgon, ettermiddag og kveld.

Das Boot er ein tysk ubåtfilm sett til andre verdskrig. Me følger mannskapet om bord i ein ubåt. Det handlar om situasjonen på ubåten, presset og den nervøse stemninga som påverka så mange ulike folk med einaste felleseining at dei er på ubåten.

Her er det overraskande lite politikk og direkte kritikk av naziregimet til å vere ein krigsfilm av denne sorten. Det er meir fokus på heltane våre, og som publikum strevar eg med eit ambivalent forhold til seinkinga av britiske kryssarskip. Kven kan nekte ein solid gjeng som ubåtmannskapet her ein opptur? Her ligg litt av styrken til filmen, at han ikkje ser så mykje på det store bilde om kven som er god og vond. Noko kritikk skin derimot igjennom her og der.

Stemninga som det miljøet på ubåten skapar gjer nok brorparten av filmen for min del. Rik på inntrykk og veldig realistisk. Skittent, fuktig og trongt. Eg tenker ikkje ein gong på at det er eit filmsett, så realistisk kjennest det. Wolfgang Petersen har klart å få til alt som han seinare mislykkast med i sin versjon av Poseidon.

Så er eg tilbake på det som eg snakka om innleiingsvis. Filmen tar seg god tid. Sjølv om eg ikkje prøvde å sjå han samanhengande vil eg anbefale han oppdelt. Det gir tid til å la personar, handling og miljø feste seg. Eg har ein idé om at dette heva inntrykket mitt av filmen, for eg ser ikkje på han som litt for lang eingong.

Når det gjeld dubbinga må det seiast å vere noko av det beste eg har sett. Men det vil aldri bli naturleg å sjå tyskarar snakke engelsk. Det viktigaste var at stemninga var god her, og dubbinga øydelagde ingenting for meg der.

Das Boot 1981 plakat - Filmdagbok