Das Cabinet des Dr. Caligari

Das Cabinet des Dr. Caligari er tysk ekspresjonisme og ein tidleg stumfilm.

To venner besøker ei utstilling på eit tivoli. Ein doktor vekker ein sovande fyr som kan spå framtida. Den sovande fyren, ei slags zombiesak, spår at ein av vennene snart vil dø.

Neste morgon er denne vennen død. Og eit slags ubehageleg mareritt utfoldar seg, ubehageleg på ein god filmatisk måte.

Kulissene til Das Cabinet des Dr. Caligari bidrar i lag med tung sminke til eit særeige uttrykk og ei heilt spesiell stemning. At dette er stumfilm gjer deler nesten klaustrofobisk, igjen på ein god måte.

Historia er god og mogleg å følge, og med ei speletid på litt over 75 minuttar er dette også av passe lengde. Kort nok til at mykje av tida kan bli brukt på det visuelle, og langt nok til at ei historie får plass og blir fortalt.

Das Cabinet des Dr. Caligari 1920 plakat - Filmdagbok