Das Leben der Anderen (2006)

Film / 19. mars 2007
4/5

Skepsismen min til tysk storhaustar av filmprisar låg på et middels nivå og gjorde sitt til at eg ikkje så denne filmen før no. Årsaken var Der Untergang. Urettferdig at eg skal førehandsdømma en tysk film på grunnlag av en helt anna, det ville aldri skjedd med amerikansk film, men slik er det no eingong.

Etter kvar kom eg ikkje unna at Das Leben Der Anderen har blitt godt motteken av vanlege folk. I håp om å motbevise meg sjølv om at prisvinnande tysk film ikkje berre er film for kritikarar, tok eg sjansen.

Eg angrer ikkje. I Florian Henckel von Donnersmarck sitt DDR-drama følger med hovudsakleg dei to sidene ved overvåkinga av forfattaren Georg Dreyman: Personen sjølv og Stasi-agenten HWG XX/7 som får i oppgåve å leie overvåkinga.

Dramaet spelar på framstillinga av feilaktig overvåking, humane agentar og andre sider et politisamfunn kan ha. Mine private kunnskapar om DDR er avgrensa, men filmen fungerte godt på trass av dette. Augene opnar seg litt for kor kaldt staten handlar i folkets teneste. Dette temaet er ikkje berre avgrensa til DDR, og gjer filmen interessant på et større plan.

Reint meir enn god film var eg ikkje på jakt etter, og Das Leben Der Anderen klarer å vere dette i tillegg til en oppvekkar. En god og dramatisk kjærleikshistorie midt oppi overvåkinga ledet av en delvis sympatisk Stasi-agent, med ei historie som utviklar seg og bygg seg opp så en aldri kan sei med sikkerheit kva som vil skje. Sjølv om dei største overraskingane blir utelate.

Das Leben der Anderen 2006 plakat - Filmdagbok

Regi

Florian Henckel von Donnersmarck

Manus

Florian Henckel von Donnersmarck

Skodespelarar

Martina Gedeck, Ulrich Mühe, Sebastian Koch, Ulrich Tukur, Thomas Thieme, Hans-Uwe Bauer, Volkmar Kleinert, Matthias Brenner, Charly Hübner, Herbert Knaup

Sjanger

Drama

Land

Tyskland

IMDb

IMDb-side om Das Leben der Anderen

Forfattar