Date Movie

Eg veit ikkje helt kor eg skal starte, men prøver meg via Scary Movie. Date Movie reklamerer i traileren for at to av seks av mannskapet bak Scary Movie har vore med på å lage denne filmen. Men det vil ikkje sei han er så godt som ein tredjedel av Scary Movie, som heller ikkje er dei beste filmane. For denne filmen feilar totalt på omtrent alle område, historia heng ikkje i ein tråd, og parodiane er mildt sagt grufulle.

Å sei at eg kunne telle på ei hand dei gongene eg lo er å overdrive, eg vil heller sei ein finger. Så, kva trekk denne filmen opp? For eg kan ikkje berre skrive slakt her. Vel, ingenting faktisk, for det er ein PG-13 film, så dei pene damene var ikkje anna enn ekstra dårlege skodespelarar.

Date Movie 2006 plakat - Filmdagbok