Date Night

Eg var først meint å introdusere Steve Carell, påpeike at han utover nokon få gode filmar, har vore med i mykje dårleg. Dette skulle gå over til å gjelde Date Night, og til samanlikning med innsatsen Steve Carell og Tina Fey gjer i filmen. Men etter å ha gått gjennom filmografien til Steve Carell, innsåg eg at han har spela i nok gode og middels gode til at det var urettferdig å vinkle karrieren hans som beståande av halvparten gode og halvparten eller fleire dårlege filmar.

Poenget mitt med dette var som følger, å påpeke at Date Night ikkje gjorde spesielt godt inntrykk. Med unntak av eit par smått hysteriske scener og flotte realiseringar om giftarmålet Steve Carell og Tina Fey portretterer i filmen, var dette ein film der vegen til pauseknappen var kort. Difor gjer det meg heller ingenting, når eg no skriv om filmen, å oppsummere deler av handlinga i detalj for å få fram dette.

For å tilføre nye inntrykk i eit ekteskap som er grodd fast i ein slitsam kvardag, tar Steve Carell med Tina Fey på restaurant i Manhattan. Der utgjer dei seg for å vere eit anna par for å ta ein reservasjon på ien travel restaurant. Ved bordet, sjølv om det betyr ulykke, skålar dei med tomme vinglas. Dette får følger. Dei blir jaga gjennom byen av kriminelle og rotar seg borti mafia og korrupte politimenn.

For å få plass til alt som skal skje undervegs, er det halde tilbake på intellektuelle dialogar, noko som helst slags form for dveling ved seriøse poeng og eventuelt andre ting som kunne ha tilført djupne til komedien. Eg forventa ikkje dette i utgangspunktet, men det betyr ikkje at filmen er god utan.

Date Night 2010 plakat - Filmdagbok