David Holzman's Diary

I David Holzman's Diary dokumenterer David Holzman (L.M. Kit Carson) livet sitt. Filmen tar forma til ein dokumentarfilm, men er fiksjon. Ein såkalla docufiction. I ettertid blir David Holzman's Diary sett på som ein kulturell, historisk og estetisk viktig film, som var med på å etablere docufiction-sjangeren.

Holzman bestemmer seg for å filme det som skjer med han og rundt han. Han ønsker å få eit godt perspektiv på livet sitt, og trur film er ein god måte å kunne observere alt som skjer frå utsida. Gradvis går han meir inn i filminga og gjer ting han ikkje burde.

Stilen er truverdig. Eg lurte ei stund på i kva grad dette kunne var ekte eller fiksjon. Berre småting avslører. Styrken til filmen er emna til å vere ærleg og direkte i språket, ta seg tid til å etablere karakterar i miljøet rundt Holzman, og strukturen til filmen i hans gradvise endring utover.

Utover dette blir ikkje filmen meir enn ei artig lita sak. Den største innverknaden har han ikkje. Det er ein film som heller er interessant å ha som referansepunkt, og til å tenke på innimellom, heller enn som ei stor oppleving i seg sjølv.

David Holzman's Diary 1967 plakat - Filmdagbok