Dawn of the Dead

Zombiefilmar er ikkje min favorittsjanger, så det er sagt. Men dette var då faktisk rimeleg festleg, kanskje filmen var litt for lang, men eg hadde ingen problem å gjennomføre han.

Sist eg skulle sjå filmen, klarte eg ikkje meir enn ti minuttar, men filmsmaken min har tydelegvis endra seg for meir spesielle titlar. Effektane og skodespelarane skal du ikkje vurdere for hardt, for det er ikkje den sterke sida til filmen, utan at det skulle bety noko. Det var underhaldande, og idiotisk som dei nyare zombiefilmane. Eg må få sett fleire George A. Romero-filmar altså!

Dawn of the Dead 1978 plakat - Filmdagbok

Dato

25. mai 2005

Forfattar


Skodespel

David EmgeKen ForeeScott H. ReinigerVis alle

Merkelapp

Sjangrar

Land